torsdag 17. januar 2008

Rikki som lamarøktar




Lamaen er eit barnevenleg dyr; dei er rolege, sleikar og bit ikkje, og er tolerante overfor barn. I allefall fann nevøen min Rikard, godt tonen med dei.

onsdag 16. januar 2008

Stolt lamaeigar




Gilde dyr.

Grilltur





Sjølv om Stian og Maria ikkje har kløv enda, og me må bære sekken sjølv, er det gildt å ha dei med på tur. Linn lærte Stian å gi labb, og kunne konstatere at lamaen har mykje tilfelles med hestane.

Beiteryddara



Ein fin ting med lama, er deira nøysomhet. Dei likar godt lyng og einar, og kan dermed klare seg ute gjennom vinteren. Ved sia av å skaffe seg mat, sørgar dei også for at landskapet ikkje gror att.

Om dyra


Stian er fødd sommaren 2006. Han er ung, og svært lærevillig.

Maria er fødd sommaren 2005. Ho er meir moden, og ikkje alltid like klar for trening. Maria blei para 6. juli 2007, og venter føll ca 20. juni.

Ut på tur med lama på slep




Lamen er avlet på som pakkdyr, det ligg dermed naturleg for den å følge etter i bånd. Det var tøfft å sjå kor greit det gjekk, sidan verken Stian eller Maria hadde trenet noko nemneverdig på det før eg fekk dei.


Likar godt å komme meg opp i litt høgde, fint å nyte utsikta. Hadde ein tur fyrste nyttårsdag på Hammaren. Ser ut som lamane også likar å skue utover landskapet.


Ein anna dag var me på topptur ved Taksdalvatnet. Nils, Hogne, Åge og Randi kommuniserar med Maria.

tirsdag 15. januar 2008

Frå Vinje til Undheim



I haustferien fann Hogne og eg ut at me skulle besøka ein lamafarm. Så me reiste til Vinje i Telemark. Der vart me svært fasinert over desse praktfulle dyra. Eg hadde lenge leika med tanken på å hatt ein flokk med alpakka eller lama, men nå blei eg verkeleg gira.
Etter å ha tenkt meg nøye om, og fått ihavn gode avtaler, var det bare å bestille 2stk lama.
Etter å ha tenkt på den nye buskapen min gjennom heile eksamensperioden, blei det endeleg juleferie, og tid for avhenting. Den 21. desember reiste Oddi og eg til Vinje etter dyra. Rundt midnatt ankom dyra Undheim, og begynte straks inspeksjonen av sin nye stall.

Den mørke hoppa har namnet Maria, og den lyse unge hingsten heiter Stian.