tirsdag 25. november 2008

Snø = fôring


Fekk tilsendt bilete frå Oddi. Sidan lamaen ikkje er så flink til å grava i snøen, og det er noko lite med lyng (mest gras) på beite, har me valgt å fôre dei medan det er snødekke. Kan også være greit sidan Maria godt kunne lagt på seg nokre kilo. Ser ikkje ut til at ho har klart å avvenne Teksen endå.

søndag 26. oktober 2008

Lamaulls hue


Då var dei første to huene av ulla produsert. Therese si er utan dekkhår og er ufarga "Stianull", medan mi har litt dekkhår og er ufarga "Mariaull".
Det kommer noe huer til, men det blei ikkje den store ullmengda dette året. Men me er svært nøgde med resultatet.
Ekstra kjekt er det også at ulla er bearbeida og strikka på Jæren (Lye). Kortreist produkt:) Det er Ullrommet ved Ingeborg Lura som har lagt ned mange timar i dette prosjekte. Takk skal du ha:)

onsdag 1. oktober 2008

Lamaen spreier frykt på Austlandet

"Innbyggere i bygda som Østlendingen har vært i kontakt med, har fortalt om lamaskrekk og at de ikke tør å ta seg til skogs etter bær eller andre ting i frykt for å støte på dyrene"

Her er det kunnskapsmangel. Sidan lama er nokre av dei mest forsiktige og minst farlege dyra som er.

Link til VG: http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=517555
http://www.vg.no/nyheter/innenriks/artikkel.php?artid=528217

mandag 29. september 2008

Teksen veks til



Fekk nokre bilder av Therese idag. Ho hadde fôrt dyra med brød. Det passa ikkje for Stian og Teksen, men Maria storkosa seg:)
Takk skal du ha Therese;)

torsdag 4. september 2008

Teksen ein kosebamse lama



Therese og Rikard koser med Teksen. Han kjem alltid bort når Maria og Stian får kraftôr.

tirsdag 24. juni 2008

Lamafødsel




Søndag den 22.juni kom det en liten krabat til verden. Teksen har blitt navnet på denne tøffe lille hingsten!
Vi var der oppe rett rundt tre på ettermiddagen for å sjekke om den hadde kommet, og det hadde den jammen. Lamaene føder alltid midt på dagen eller formiddagen, slik at ungen kan tørke. Dette fordi at moren ikke slikker ungen rein slik som andre dyr gjør. Dette har sin bakgrunn i at lamaen har så kort tunge at den rekker bare frem til tennene!
Nå er det en lun myk krabat som er nysjerrig på alt som sker rundt forbi:)

Totalt avvist



På laurdag når Therese og eg var oppe for å sjå om det var kome nokon lamababy. Det var ennå ikkje kåme noko, men Maria hadde begynnt å få jur.
Begge to var veldig ivrige på kraftfôret, heilt til Stian fant ut at han skulle ri på gravide Maria. Dette var ikkje populært sjå Maria, og kraftfôr-fontenen starta med at ho skulle ta Stian litt. Me sto å lo!
Stian vart så fornærma at han, som de ser på bileta, berre sto me åpe gap og "late" øyrer. Sjikkeleg fornærma og totalt uintressert i meir kraftfôr.
Kva meir kan me gjere enn å le av det heile? hehe:)

fredag 13. juni 2008

Sommarferie




Det har ikkje skjedd stort den sisste tida hjå lamane. Ulla har vokst noko, og dei ser meir jamne ut. Maria visar ikkje tegn til fødsel. Men juret treng ikkje dette ned før nokre dager før.
Er ofte oppe og gjer dei kraftfôr, for å følje med på dei.
Idag var Therese med, Stian fann fort tonen;p

mandag 5. mai 2008

Klypping



30. april kom Rein Arve å klyppet lamane. Eg har vert veldig spent på korleis det skulle gå. Men det gjekk over all forventning. Me tok dei inn i stallen, batt fast hovude, og medan Rein Arve begynnte å klyppe gav eg dei mjøl. Me fann ut at me ikkje skulle ta all ulla, men kunne kanskje også tatt låra. Det blei også sett at eit par centimeter med ull.


Ulla satsar eg på å få spunnet til garn, og spøtet til luar iløpet av sommaren. Lamaulla er vanskeleg å spinne på grunn av dekkhåra, så det er mangen som ikkje kan ta imot.


Så nå kan Stian og Maria gå ein behageleg sommar imøte, då lamaen kan være utsatt for hetestress. Dessutan er det 2 år til neste klypping.

lørdag 26. april 2008

Grønt gras og mjøl


Våren har kommet for fullt, og grønt gras stikk opp overalt. Men Stian takkar ikkje nei til litt mjøl frå Andreas.

Hoggormbitt

Onsdag kveld når Bjarne var opp og skulle helsa på lamane, hadde Maria store opphovna overlepper. Sidana lamaen bruker den kløyvde lippa til å ete, hadde ho vanskar med å eta mjølet frå handa. På torsdagen var høgre lippe stor, medan venstre hadde gått attende, og på fredagen var begge tilnærma normale.
Mistanken går på at det er hoggorm som Maria har kommet farleg nærme. Typisk sidan dei skal undersøkja alt dei ser. Eller så kan det ha vore eit hummle- eller vepsestikk.

onsdag 16. april 2008

Et kongerike for en lama


Det ser ut som om Stian og Maria har slått seg til ro på sitt nye kongerike. Dei kan iallefall ikkje klaga på utsikta:)

søndag 6. april 2008

Ut i utmarka


Idag blei gjerde på lamane sitt 3mål store beite opna, og dei har nå tilgang på 200 mål med utmark. Me har holdt dei på eit avgrensa område, for være sikre på at dei ikkje skulle rømme. Sidan det har godt bra, og at dei har hatt god tid på å verte kjent med område, slapp Oddi dei ut idag.
Område er gjerdet inn med vanleg saue-inngjerding, og det er ikkje problem for lamaen å hoppe over viss han går inn for det. Men me får håpe dei finn seg tilrette.

onsdag 2. april 2008

"Innridning" av Stian


For at Stian skal lære seg til med kløv og sal (for barn), øvde eg på å leggja av og på ein jakke. Dette gjekk veldig raskt, ifrå å være redd for jakka, til å ikkje bry seg om at ho låg på ryggen, gjekk det 5- 10 min. Hemmelegheiten er positiv forsterking. Når eg held jakken framfor Stian får han mjøl, han forbind dermed jakken med noko positvt. Når eg legg jakken over ryggen, for han også mjøl med det same. Etter ei stund knytta eg jakken fast, gjekk nokre metar, og gav han litt til mjøl. Og dermed var me eit steg vidare på vegen til pakkdyr:)

Årsaka til at bilete er så dårleg, er at Stian var så gira på å komme nærme meg at det var umogleg å få nok avstand.

Varsling

Det er ikkje ofte lamaen lagar anna lyd enn roleg "hummm" -lyd. Men på ein av turane våres, så kom denne varslinglyden. Kanskje det var ein rev som luska inni skogen...

onsdag 26. mars 2008

Påsketur


Lamaen likar i utgangspunkte ikkje at ein tek på dei. Derfor har eg klappa mykje på dei, medan dei får godbitar. Dermed forbind dei kontakt med noko posetivt. Resultatet blir at Tuva og Andreas kan klappe Stian, utan at han går bort frå dei.
Nokre korn med kraftfôr skapar god tilit.

Det sett ein ekstra spiss på turen når ein har lamane spaserande rundt:)

tirsdag 18. mars 2008

Latrine



Lamaen drit og pissar på faste plassar. Dette gjær at det er reint inne i hesteboksen, og at dei er gunnstige å ha på plassar med mange folk, foreksempel badeplassar og grillplassar.

søndag 16. mars 2008

Frost



Idag var lamane dekka av rim. Eit godt tegn på isolerande ull.

Rulling på asfalten



Når eg går tur med lamane på asfalt likar dei å legge seg ned og rulle rundt.

Lama i solnedgang


13. mars flytta Maria og Stian ut i marka. Såg ut som dei lika å liggja i høyden å studera solnedgangen.
Lamaen søkje opp i høyden for å få bedre oversikt over farar.

mandag 11. februar 2008

Lamakos



Går greit å vere vekke frå dyra når ein får slike bilete sendt opp:)

Lyssiv



Lyssiv er mange steder eit stort problem for kulturlandskapet, da husdyr ikkje vil beite på plantene. Ser ikkje ut som Maria har problem med det:)

søndag 3. februar 2008

Barnevakt



Det ser ut som både Rikki, Maria og Stian er fornøgde; vinn-vinn-situasjon:)

Tråkkskade- ikkje her i gården


Lamaen har særs stor fotflate, som er mjuk på undersida. Dette gjer at ein minskar faren for tråkkskadar på terrenget. Den mjuke undersida gjer også at lamaen er ekstremt god til å klatre.

torsdag 17. januar 2008

Rikki som lamarøktar




Lamaen er eit barnevenleg dyr; dei er rolege, sleikar og bit ikkje, og er tolerante overfor barn. I allefall fann nevøen min Rikard, godt tonen med dei.

onsdag 16. januar 2008

Stolt lamaeigar




Gilde dyr.

Grilltur





Sjølv om Stian og Maria ikkje har kløv enda, og me må bære sekken sjølv, er det gildt å ha dei med på tur. Linn lærte Stian å gi labb, og kunne konstatere at lamaen har mykje tilfelles med hestane.

Beiteryddara



Ein fin ting med lama, er deira nøysomhet. Dei likar godt lyng og einar, og kan dermed klare seg ute gjennom vinteren. Ved sia av å skaffe seg mat, sørgar dei også for at landskapet ikkje gror att.

Om dyra


Stian er fødd sommaren 2006. Han er ung, og svært lærevillig.

Maria er fødd sommaren 2005. Ho er meir moden, og ikkje alltid like klar for trening. Maria blei para 6. juli 2007, og venter føll ca 20. juni.