lørdag 26. april 2008

Grønt gras og mjøl


Våren har kommet for fullt, og grønt gras stikk opp overalt. Men Stian takkar ikkje nei til litt mjøl frå Andreas.

Hoggormbitt

Onsdag kveld når Bjarne var opp og skulle helsa på lamane, hadde Maria store opphovna overlepper. Sidana lamaen bruker den kløyvde lippa til å ete, hadde ho vanskar med å eta mjølet frå handa. På torsdagen var høgre lippe stor, medan venstre hadde gått attende, og på fredagen var begge tilnærma normale.
Mistanken går på at det er hoggorm som Maria har kommet farleg nærme. Typisk sidan dei skal undersøkja alt dei ser. Eller så kan det ha vore eit hummle- eller vepsestikk.

onsdag 16. april 2008

Et kongerike for en lama


Det ser ut som om Stian og Maria har slått seg til ro på sitt nye kongerike. Dei kan iallefall ikkje klaga på utsikta:)

søndag 6. april 2008

Ut i utmarka


Idag blei gjerde på lamane sitt 3mål store beite opna, og dei har nå tilgang på 200 mål med utmark. Me har holdt dei på eit avgrensa område, for være sikre på at dei ikkje skulle rømme. Sidan det har godt bra, og at dei har hatt god tid på å verte kjent med område, slapp Oddi dei ut idag.
Område er gjerdet inn med vanleg saue-inngjerding, og det er ikkje problem for lamaen å hoppe over viss han går inn for det. Men me får håpe dei finn seg tilrette.

onsdag 2. april 2008

"Innridning" av Stian


For at Stian skal lære seg til med kløv og sal (for barn), øvde eg på å leggja av og på ein jakke. Dette gjekk veldig raskt, ifrå å være redd for jakka, til å ikkje bry seg om at ho låg på ryggen, gjekk det 5- 10 min. Hemmelegheiten er positiv forsterking. Når eg held jakken framfor Stian får han mjøl, han forbind dermed jakken med noko positvt. Når eg legg jakken over ryggen, for han også mjøl med det same. Etter ei stund knytta eg jakken fast, gjekk nokre metar, og gav han litt til mjøl. Og dermed var me eit steg vidare på vegen til pakkdyr:)

Årsaka til at bilete er så dårleg, er at Stian var så gira på å komme nærme meg at det var umogleg å få nok avstand.

Varsling

Det er ikkje ofte lamaen lagar anna lyd enn roleg "hummm" -lyd. Men på ein av turane våres, så kom denne varslinglyden. Kanskje det var ein rev som luska inni skogen...