tirsdag 15. januar 2008

Frå Vinje til Undheim



I haustferien fann Hogne og eg ut at me skulle besøka ein lamafarm. Så me reiste til Vinje i Telemark. Der vart me svært fasinert over desse praktfulle dyra. Eg hadde lenge leika med tanken på å hatt ein flokk med alpakka eller lama, men nå blei eg verkeleg gira.
Etter å ha tenkt meg nøye om, og fått ihavn gode avtaler, var det bare å bestille 2stk lama.
Etter å ha tenkt på den nye buskapen min gjennom heile eksamensperioden, blei det endeleg juleferie, og tid for avhenting. Den 21. desember reiste Oddi og eg til Vinje etter dyra. Rundt midnatt ankom dyra Undheim, og begynte straks inspeksjonen av sin nye stall.

Den mørke hoppa har namnet Maria, og den lyse unge hingsten heiter Stian.

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei Gisle, fin blogg og fine lamaer du har fått deg :-)

Bjarne