onsdag 16. januar 2008

Ut på tur med lama på slep




Lamen er avlet på som pakkdyr, det ligg dermed naturleg for den å følge etter i bånd. Det var tøfft å sjå kor greit det gjekk, sidan verken Stian eller Maria hadde trenet noko nemneverdig på det før eg fekk dei.


Likar godt å komme meg opp i litt høgde, fint å nyte utsikta. Hadde ein tur fyrste nyttårsdag på Hammaren. Ser ut som lamane også likar å skue utover landskapet.


Ein anna dag var me på topptur ved Taksdalvatnet. Nils, Hogne, Åge og Randi kommuniserar med Maria.

Ingen kommentarer: